Perfekt opning!!
Tuesday 16. June 2009
Laurdag 13.06.09 var ein stor dag for oss her i Kristtornskogen Golfpark, endeleg var dagen komen, og fleire tusen timar med dugnadsinnsats skulle lønast med opning av regionens første Pitch and Putt golfbane.
Det byrja laurdag føremiddag klokka 11.00. Til strålande ver vart bana opna av ordføraren og hornmusikken utante Langeland.
Ei spent Leah Ovidia Langeland på 3 år fekk æra av å slå opningsslaget etter ordførarens inspirerande tale.
Etterpå fekk me med oss 30-40 stykk på synfaring av bana, før det var offisiel avduking av kølla og ballen som står som eit monument ved innkjøringa til Kristtornskogen. Denne vart gjeven som ei gåva frå gode vener av baneeigar Hans Langeland. Landemerket var ei gledeleg overrasking for både banreigar og skribent her på nettsida. Ein stor takk til dei som brukte både netter og opningsdag for å få dette til.
Fyrste delen av opninga vart der etter runda av med ein god lunch i Kristtornbua.
Mange var med og tevla om å slå ballen nærast den kvite pinnen på drivingrangen, etter ein spanande sluttspurt stod Jon Tvedte att som den heldige vinnaren av closest to pin konkurransen. Slaget var av den uortodokse typen og ballen hadde eit besøk 2 meter bak greenen før den la seg til ro ca 40 cm frå flagget. Me vil gratulera Jon med eit gratis medlemsskap for resten av sesongen som premie for bragda.
Sundagen var nok ein gong vergudane på vår side, og me fekk arrangert to flotte turneringar i strålande solskinn.
Første pulje ut var klasse B, ein glad gjeng med god tid til både pølsekjøp og prat med oss i turneringsleiinga. Etter 3,5 timar var det avgjort og me hadde ein vinnar. Den foreløpige banerekorden for 18 hol var nå på 75 slag og Roger Ottesen var innehavar av rekorden og vinnar av klasse B. Me hadde også med oss 2 kvinnespelarar som gjorde ei flott turnering, der Gunn Langeland var nokre få slag betre enn Britt K. Balchen.
Klasse A gjekk atskillig fortare unna. Mange av desse spelarane hadde allereie spela golf i fleire timar som deltakarar i Stord Open i Prestegardsskogen, og ein skulle tru at dei var litt møre i beina, men så feil kan ein ta. Etter 2,5 timar var 18 kjappe hol unnagjort, og Ben Ståle Henriksen stod igjen som vinnar, eit slag forran Tor Gunnar Bjelland. Ny banerekord vart satt og den lyder nå på 63 slag, 9 over banens par.
Holplasseringa var kanskje ikkje den enklaste denne dagen, og hol 8 genererte ein del undrande miner. Mange slag gikk tapt her, men Anders Langeland viste at holet kunne spelast på par så me skal ikkje sjå bort i frå at koppen havnar oppå platået på hol 8 igjen.
Me vil takka alle som var med og gjorde ein innsats i helga, utan dykk ville opninga aldri vorte den suksessen den vart.
Teten frå klasse B: Steinar Røgenes(3.), Roger Ottesen(1.) Jostein Dahl(2.), Gunn Dahl(beste dame) Ivar Bjordal puttar på hol 2, Jan Langeland analyserer slaget.Fleire bilete kjem snart………..