To Hole in One i same sesong!

Thursday 13. August 2009

12082009534Fyrst av alt vil me gratulera Øystein Sætre som foreløpig er den einaste som har klart kunststykket det er å få ikkje berre ein, men to Hole in One på ein og same sesong i Kristtornskogen

(Hole in One på driving rangen er då ikkje rekna med. Her leiar forøvrig Anders Langeland med 5 i koppen)

Den siste kom 12.08 på hol 3. Underteikna var då ute og inspiserte baneètiketten blant folkjet, og vart tilfeldigvis tilskodar av eit vakkert slag som aldri hadde anna intensjon enn å falla til ro ved rota av den kvite stanga

Hjubelbrølet var ikkje til å ta feil av, Sætre-fanten hadde gjort det igjen. Når han i tillegg holdt heile runden inn, og kunne bokføra ny personleg rekord med meget akseptable 30 slag, gjekk praten ivrig rundt den obligatoriske oppsummeringskaffien i etterkant.

I følge han sjølv er han den einaste av dei 6 brørna i Sætre klanen som har klart å få Hole in One, men held dei fram den ivrige innsatsen som dei har vist til nå, er det nok ikkje lenge att før den eksklusive lista kan utvidast med fleire blad Sætre.

6 brør, der 5 av dei er medlemmar ved Kristtornskogen Golfpark. Her har dei heimbanen sin berre eit steinkast frå barndomsheimen i Kulio. Dette vitnar om ekte golfglede og me i Kristtornskogen er glade for å ha slike medlemmar som utgjer ein viktig del av det gode miljøet som på kort tid er skapt i Golfparken.

Gje Sætre-gutane eit par år til så skal ein sjå at Thor Gunnar Bjelland kjem til å få konkurranse om å kunna kalla seg Kuliomeister i Pitch and Putt, ein tittel med stor prestisje blant dei som kjem der “nerante” frå.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.