Pitch and Putt reglement
Friday 14. August 2009
Vestlandsmeisterskapet kjem til å bli spela etter dei internasjonale reglane for Pitch and Putt.
Reglane er mykje like som for vanleg golf, men enkelte viktige unntak er det likevel
Me vil oppfordra alle som skal spela på sundag å lesa gjennom reglementet for Pitch and Putt, det tar ca 10 minutt: FIPPA reglement
- Det gis kunn eit straffeslag for brot på reglane dersom ikkje anna er oppgitt. I vanleg golf får ein til dømes to straffeslag for å spela sin eigen ball i motspelars ball frå greenen, i P&P får ein berre eit.
- Det er påbydt å slå ut med pegg som er minimum 5 mm høg. Viss ballen fell av peggen ved adressering av kølla skal ballen plasserast tilbake på pegg utan straffeslag. Viss spelaren slår ein ball som har falt av peggen er slaget gjeldandes og ballen skal spelast frå der den ligg. Eit straffeslag vert notert.
- Det er kunn tillat å bruka 3 køller, der den eine skal vera ein puttar. Dei same tre køllene skal nyttast gjennom heile turneringa. Brot på denne regelen fører til diskvalifisering.
- Kunn puttar kan brukast på greenen. Brot på denne regelen fører til diskvalifisering.
- Caddy tillates ikkje.
- Alle spelarar med ein ball som ligg innan ei køllelengde frå greenkanten kan krevja at alle ballar som ligg innan ei køllelengde frå holet vert anten spela ut eller markert. Spelarar som er førespurt og ikkje rettar seg etter dette vert diskvalifisert.
- Der Pitch and Putt reglane ikkje er dekkande er det golfreglane som gjeld.
- BRUK GREENGAFFEL!