Pitch & Putt Euro 2010, Catalonia
Thursday 23. September 2010
Catalonia – Europameister 2010!!
FØLG DENNE LINKEN FOR RESULTAT OG MEIR INFO OM LAGA
For første gang sidan Europameisterskapet sin start i år 2000 kunne endeleg Catalonia heva pokalen og tittelera seg som Europameister i Pitch & Putt 2010.
Noreg enda til slutt på 6. plass.
Som 5 doble meistrar var det Irland som måtte finna seg i å bera det største favoritt stempelet under årets EM. Men med eit stort heimepublikum i ryggen viste Catalonia seg som det sterkaste laget og vann til slutt ein ulideleg spanande finale 5-4.
Stillinga var 4-3 i favør Catalonia då Paco Salido skulle slå ut på det 18. holet. Etter 17 hol stod det likt mellom han og hans Irske motspelar. Sjølv med 200 – 300 nervøse heimepublikumarar tett innpå seg takla han presset og slo eit fantastisk slag som la seg 40-50 cm frå koppen.
Då Iren feila både på utslag og chip, og Paco(til venstre på biletet under) satte birdie putten ville jubelbrølet ingen ende ta. Ein barriere var broten, Catalonia hadde endeleg slått Irland i eit stort meisterskap.
Med 36 banar, over 16 000 aktive spelarar og ytterlegare 25 000 uregistrerte spelarar har Pitch & Putt vakse seg til å bli ein folkesport i Catalonia. Presset på spelarane var dermed enormt, både publikum og presse fylgde kvart eit slag heimehåpa gjorde. Det var blant anna 2 tv-stasjonar og mange aviser på plass for å dekka arrangementet. Lettelsen var dermed enorm hos spelarane då dei til slutt klarde å innfri.
Noreg tapte ein jamn kamp mot Andorra
Noreg enda til slutt opp med å spela om 5. plassen. Etter foursome kampane låg me under med 2-1, eit resultat som på ingen måte var umulig å ta igjen.
Det såg lenge lyst ut, og då Anders Olsen og Kenneth Vika sikra sigeren i sine kampar vart håpet tent om at dette kunne gå vegen. Noreg måtte nå ha ytterlegare 1,5 poeng for å ta heim sigeren. Diverre vart Jan Vingen den einaste av dei 3 siste som klarde å ta poeng. Han enda opp med å dela sin match etter 18 hol, og fekk 0,5 poeng. Bernt Kristian Nerland, Knut Henrik Lie og Anders Juel tapte alle sine matcher på siste hol. Kampen enda dermed 5,5 – 3,5 i Andorra sin favør.
Sjølv om det norske laget ikkje innfridde målsetjinga om 5. plass, gjorde likevel alle 6 ein flott innsats. Når våre spelarar etter kvart får meir og meir røynsle med internasjonale turneringar vil me fort kunne kjempe om 4. og kanskje også 3. plassen. Catalonia og Irland er foreløpig i ein eigen klasse.
Vår lokale spelar Kenneth Vika spela ei sterk turnering på Papalus og tok mange poeng mot sterke internasjonale spelarar. Krona på verket sette han då han i siste match slo den langt meir meritterte Pepe Garcia. “Pepe” som han kalles, er ein spelar i europatoppen og som sjeldan eller aldri gir frå seg poeng i match play. Kenneth hadde derimot dagen og varta opp med sitt livs golf. Etter 15 hol leda han med 3 poeng, og sjølv om Pepe Garcia tok det 16. holet med ein birdie, var sigeren aldri truga.
Reiseleiar og underteikna vil til slutt takka våre spelarar for ei fantastisk flott helg, med nærvepirrande kampar og til tider strålande spel. Alle som ein imponerte De og gav til tider langt meir rutinerte internasjonale spelarar hard kamp.
Sender også ein stor takk til arrangør, Catalonia som gjennomførte eit prikkfritt arrangement. Den norske delegasjonen vart godt tatt i mot og sitter att med eit minne for livet.
25.09.10
Holland vart for sterke.
Sveits kom til kort
Sjølv om Noreg spela opp mot sitt beste mot Holland vart hollendarane til slutt for sterke.
Etter foursome kampane var stillinga 2,5 – 0,5 i favør Holland. Mange av singel matchane vart jamne, men eit Holland som sjeldan eller aldri gjorde feil vann til slutt 7 – 2.
For å setja det heile i perspektiv så spela heile det norske laget under banens par i singel kampane mot Holland. Sjølv om Bernt Kristian Nerland avslutta heile 6 under etter 18 hol, måtte han sjå seg slått av sin hollandske motspelar på det 18 holet.
I dagens andre kamp var Sveits motstander. Sveits stilte med eit sterkt lag, men ikkje sterkare enn at me skal slå dei på ein god dag.
Etter foursome hadde me klart å spela til oss ei 2 – 1 leiing. Singel kampane vart etter kvart i overkant spanande. Me skifta mellom å ligga under med 2-3 poeng og leda med eit par poeng. Heldigvis viste Noreg mental styrke mot slutten og klarte å dra i land 6 – 3 siger totalt.
Kaptein Anders Juel viste solid spel med å ta 3,5 poeng av 4 mogelege i dag. Sterk prestasjon, spesielt med tanke på at han berre gav bort 0,5 poeng mot Holland.
Kenneth Vika einaste lokale spelar, spela i dag knall bra og var med på å sikra 2 viktige poeng mot Sveits.
Jan Vingen slo ein ny Hole in One og er nå oppe i 2 i turneringa. Dette etter at den hollandske makkeren hans hadde gjort det same på det førre holet.
Anders Olsen har etter kvart fått orden på venstre svingen sin, og utover dagen i dag vart han eit sikkert kort for det norske laget.
Den siste norske spelaren Knut Henrik Lie, er med sine 18 år den yngste spelaren på det norske laget. Han har i dag imponert stort og senka heile 11 birdier på 2 singel matcher. I følgje den Britiske kapteinen er han ein av dei som representerer framtida innanfor Pitch & Putt sporten.
I morgen er det kamp mot Andorra om 5. plassen. Det blir ein tøff kamp, men viss ”våre beste menn” yter det dei kan så skal dette gå vegen.
24.09.10
Hole In One av Vingen!
Blanda spel av det norske laget, før turneringa vart utsatt grunna regnver.
Fredag var første konkurranse dagen. Det norske laget opna bra, og etter første 18 hol låg alle dei teljande norske resultata nede på 50 talla. Noreg inneha på dette tidspunktet ein gunstig 5. plass som ville gitt Noreg spel mot Andorra i kvartfinalen. Eit lag som det norske laget ville hatt gode sjansar til å slå.
Diverre slo ikkje det norske laget like stabilt den andre runden, og det Britiske laget passerte oss på resultatlista. Ein 6. plass etter plasseringsrundane har gitt oss Holland i kvartfinalen, eit atskillig sterkare lag.
Kvartfinale, semifinale og finale skal alle avgjerast gjennom 3 foursome kampar og 6 singel kampar. Det er dermed totalt 9 poeng å kjempa om.
Då gårsdagens kvartfinale mot Holland vart avbrott låg Bernt Kristian Nerland og Kenneth Vika 5 poeng under i sin match, Knut Henrik Lie og Anders Olsen låg under med 2 poeng i sin. Jan Vingen og Anders Juel leder derimot sin match med eit poeng. Slik det ser ut er det realistisk å håpa på å få med oss eit poeng i frå dei tre foursome kampane.
Eit eventuelt avansement vil bli avgjort i dei 6 singel matchene som startar innan kort tid.
23.09.10
Etter ei lang reise var det norske laget endelig på plass i Catalonia på onsdag ettermiddag.
Me hadde oss ein rask lunch før me sette kursen mot meisterskapsbanen Papalus.
Det var ein fantastisk flott bane som møtte det norske laget. 18 hol var plassert vakkert rundt i eit kupert landskap. Ein bane der mange av hola minna om dei me til dagleg spelar på heime i Kristtornskogen.
Golfprestasjonane til det norske laget var noko varierande. Dei presterte frå strålande birdiar til elendige trippel bogeyar. Ein kunne sjå at laget var litt “rustne” etter ei lang reis. Sjølv om underteikna til tider spelte over evne og utspelte resten av nordmenna, er potensialet i laget likevel stort.
Kenneth Vika, einaste representant frå Kristtornskogen, viste stor form og gjekk dei 18 hola på ein under par! Med dette flotte resultatet var han den av dei norske som kom best utav det på onsdagen
I dag er det innspel og spelarane våre er på banen og skal få satt gode kombinasjonar føre morgondagens match play kampar.
Anders Juel er den mest erfarne spelaren på det norske laget, og er derfor også det naturlige valet som lagets kaptein – Ein mann med stor klokskap og taktiske ferdigheiter utover normalen, som heilt sikkert vil få det beste utav kvar og ein på det norske laget.
Einar sa Friday 24. September 2010, klokken 10.49:
Lukka te Gutter 🙂 -måtte cden med nasjonalsangen samt flagga bli flittig brukt !
Heia Norge
Rune sa Friday 24. September 2010, klokken 10.52:
Heia Norge og Kristornskogen!!! Ser ut som Stord-gjengen kosa seg,måtte Kenneth vinna heila greio…
Rune
Stein sa Friday 24. September 2010, klokken 16.56:
Da er det kvartfinale mot Holland. Lykke til.
Her er en link direkte til resultatene:
http://www.pitchandputtcat.com/page.aspx?page=58¬icia=14287
Mediterranean Diet sa Sunday 14. July 2024, klokken 03.09:
Hi there very cool blog!! Guy .. Excellent .. Wonderful ..
I’ll bookmark your website and take the feeds additionally?
I am happy to seek out so many useful info here in the post, we want develop more strategies in this regard, thank you for sharing.
. . . . .