Tidleg sesongstart på Lanzarote
Wednesday 19. January 2011
I år som i fjor har Herr og Fru Banemeister tatt turen til sydlegare strøk når mørketida herjar på sitt verste her oppe i nord.
I år har dei også fått følgje av Helge og Unni frå ”innerst i kulio”, Anders Langeland(son) og Gunn og Jostein ”i Lauvdalen”.
Felles for dei alle er at dei deler lidenskapen for vår kjære sport, Pitch & Putt.
På Lanzarote er det ein 9 hols Pitch & Putt golfbane. Her samla gjengen frå Kristtornskogen Golfpark seg til ei intern turnering der stor prestisje stod på spel.
Hans Langeland opna best, og fullførte fyrste runden på 31 slag. Ein sterk runde som skaffa han ei 3 slags leiing ned til sonen Anders før dei siste 9.
Jostein Dahl , Lauvdalens store son, spela på seg noko meir trøbbel, men med sine 39 slag haldt han likevel Helge Sætre bak seg på resultatlista til pause.
Etter kvilen viste Anders seg som den konkurranse mannen han er, og henta fram ein fin-fin 32 runde. Når så faren, Hans, vart råka av ”solstikk” brukte heile 39 slag var saken klar – Ander s Langeland vart meister med ein total score på 66 slag.
Det meldes at alle som ein hadde ein flott dag på Pitch & Putt banen i strålande solskinn.
Av andre aktivitetar den aktive gjengen syslar med, kan det nemnes hestesko kasting, sykling og Badminton.
Yngste blad Langeland deltok i ei turnering i badminton på La Santa og stakk like godt av med den gjævaste pokalen