Tuesday 29. March 2011
Matchplay påsken 2011: 21. – 25 april
For dei av Dykk som heller ynskjer å spisse Pitch & Putt forma, enn å krangle med klister og klabbete føre på høgfjellet, vil me i år arrangere matchplay turnering frå skjærtorsdag til 01. påskedag.
Målet er å avvikla ein runde kvar dag. Kvar kamp går over 18 hol, og me spelar her ¾ handikap av det som Dykk normalt spelar til i turneringar i Golfparken. Før turneringa startar, vil det bli hengt opp eit oppslag med kor mange mottatte slag den enkelte deltakar har.
Påmelding innan sundag 17.04, e-post: ksgolfpark@gmail.com tlf: 95 75 02 11 eller ved personleg oppmøte i ”Pro-shoppen”
Seniorgolf 2011: Oppstart onsdag 06.04 kl: 10.00
I år som i fjor vil seniorane møtast i parken frå kl: 10.00 om onsdagane.
For berre 100 kr får dei ei korg med ballar til å slå ut på driving range, leige av køller og spela 2 rundar på banen.
Opplæring vert gjeve til alle nye spelarar. Du treng dermed ikkje ha forkunnskap om golf for å vera med på dette.
Seniorgolfen startar opp med trening onsdag 06. april.
Frå og med onsdag 27.04, blir det lagt opp turneringar for dei som ønskjer å vera med på det.
Torsdagsturneringar: Oppstart torsdag 28. april kl 18.00
I forhold til å fjor, har me i år gjort nokre små tilpassingar for å gjera opplegget enda betre. Nytt og meir rettferdig handikap system er på plass.
Spelarane tener dollar i turneringane slik som i fjor, men i år vil me også presentera ein tabell som viser lågaste gjennomsnittlege brutto score.
10 av 17 turneringar vert gjeldande i samandraget.
Dei 9 fyrste torsdagsturneringane gjelder også som kvalifisering til årets NM på Bryne. Ein må ha deltatt på 7 av 9 turneringar i denne perioden for å kunne kvalifisere seg denne vegen.
JT sa Thursday 31. March 2011, klokken 22.59:
Seniorgolfarane vil sjølvsagt få ei oppleving, men reknar òg med dei vil få romsleg opplæring om dei treng det i tillegg.
Ellers vil eg påpeika at det i tillegg til dollarturneringa vil bli tabell for beste gjennomsnittlege NETTOSCORE (dette vil webmaster retta opp snarast).
Ellers får eg sei som TGB til alle golfvener: Godt nyttår! Sjåast på banen.
Per Ove Langeland sa Friday 1. April 2011, klokken 11.45:
Webmaster vil takke Jon for eit våkent auga. Avsnittet om seniorgolfarane er nå retta opp, og alle som ønskjer det får sjølvsagt opplæring før dei går ut på banen. Dette er viktig for å få ei best mogeleg oppleving av Pitch & Putt 🙂
Det vil bli tabell for både nettoscore(dollarturnering) og bruttoscore(slagturnering)