T-tour 5

Thursday 7. May 2015

Turneringa var spelt med god stemning og ei klype drama. Første plassen i brutto vart svært jamn mellom Anders Langeland og Thor Gunnar Bjelland. Det vart omspel på hol 18.

Anders slo først og plasserte ballen fint fira meter frå holet. Thor Gunnar vart litt uheldigare, han slo ein hard ball som trefte eit tre. Det såg mørkt ut, men han redda seg inn igjen med å chippa ballen heilt til kanten av holet. Anders putta for kort og spelarane fekk tre slag kvar. Det vart nytt omspel.

Anders starta atter ein gong med ein god start, ballen låg tre til fire meter frå holet. Thor Gunnar fekk også ein fin start, ballen landa utanfor greenen og tok backspinn til den låg ein meter frå holet. Anders låg lett til og putta rett i holet. Thor Gunnar låg derimot litt vrient til og ende opp med holkant.

Bruttoresultatet vart slik:

1. plass: Anders Langeland 52 slag

2. plass: Thor Gunnar Bjelland 52 slag

3. plass: Arne Strandenes 56 slag

Kristtornskogen Golfpark gratulerer Thor Gunnar Bjelland med Hole in One på hol 5. Oversikt over andre som har fått Hole in One tidlegare kan du finne her.

Thor Gunnar Bjelland kom på førsteplass med 48 netto slag.

Nettoresultatet vart slik:

1. plass: Thor Gunnar Bjelland 48 netto slag

2. plass: Arne Strandenes 49 netto slag

3. plass: Morten Hillestad 50 netto slag

Fullt resultat brutto finner du her.

Fullt resultat netto finner du her.

FV. Anders Langeland og Thor Gunnar Bjelland.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.