T-tour 6
Friday 15. May 2015
Torsdagsturnering 6 vart spelt av ein spent gjeng, det var god stemning og nydeleg vær under heile turneringa. Første plassen i brutto gjekk til Anders Langeland med 52 slag. Det var kamp om tredjeplassen då heile tre personar hadde 61 slag. Det stod mellom Helge Sætre, Ivar Bergstø og Jan Åge Sande. Det vart skåren på dei siste ni hola som avgjorde saka.
Bruttoresultatet vart slik:
1. plass: Anders Langeland 52 slag
2. plass: Kenneth Vika 55 slag
3. plass: Jan Åge Sande 61 slag
Kristtornskogen Golfpark gratulerer Kenneth Vik med Hole in One på hol 13. Oversikt over andre som har fått Hole in One tidlegare kan du finne her.
Det var jamt om førsteplassen mellom Håvard Holmedal og Andre Ådland. Pga. HCP vart nettoresultatet slik:
1. plass: Håvard Holmedal 49 netto slag
2. plass: Andre Ådland 49 netto slag
3. plass: Anders Langeland 51 netto slag