Udnadalen Open 2015 – Spanande duell mellom Anders Langeland og Bernt Kristian Nerland
Thursday 18. June 2015
Udnadalen Open 2015 vart spelt 14. juni 2015, med klasse 1 og klasse 2. I klasse 2 blei HCP-systemet brukt, medan klasse 1 gjekk på slag. Udnadalen Open hadde lokale deltakar frå Kristtornskogen, deltakarar frå Tysnes golfklubb og deltakarar frå Bryne golfklubb.
Golfvêret haldt seg bra under heile turneringa. Det var einaste på hol 9 ein kunne merke vinden godt. Det var sterk motvind, og her blei det slått ut fleire korte slag. I følge Anders Langeland var greenane gode, og flaggplasseringane kjekke, men ikkje speiselt utfordrande.
Resultat klasse A
1. plass Bernt Kristian Nerland 109 slag
2. plass Anders Langeland 110 slag
3. plass Jan Åge Sande 112 slag
Fullt resultat finn du her.
Trykk på “les resten av dette innlegget” for å lese om resten av turneringa og sjå bilete. Her kan du blant anna lese om den spanande duellen mellom Anders Langeland og Bernt Kristian Nerland.
Då runde 1 var spelt såg det slik ut for leiarflightane:
Gode hjelparar fv. Leah Ovidia og Mathilde
Spelet i klasse 1 var utruleg spanande! Etter at runde 1 var spelt, var det Arne Strandenes, Anders Langeland og Bernt Kristian Nerland som låg best an. Strandenes fekk ein superstart på runde 2 med tre birdiar på rad. Han låg då an til å vinne, men fekk etter kvart for mange slag. Til slutt stod det mellom Langeland og Nerland. Nerland låg stort sett best an med tre slag betre enn Langeland. På hol 13 snudde spelet, og alt utvikla seg til ein svært spanande duell mellom tidlegare NM vinnar Bernt Kristian Nerland og fjorårets vinnar av Udnadalen Open 2014, Anders Langeland:
På hol 13 blei det bogey for Nerland, medan Langeland sikra seg ein birdie med å chippa ballen fint oppi koppen etter utslag. På hol 14 spelte Anders par, og Nerland fekk nok ein bogey. Foreløpig var det ingenting som var avgjort, og dei to spelarane stod heilt likt. For å gjere spelet enda meir spanande enn det allereie var spelte dei likt på både hol 15 og 16. På hol 17 kom det ein ny bogey frå Nerland. Langeland leia med éitt slag før hol 18. På hol 18 slo Langeland eit litt for langt slag med tanke på flaggplasseringa, og fekk til slutt bogey. Nerland slo til med ein birdie her, og blei difor vinnaren av Udnadalen Open 2015. Kristtornskogen gratulerer!
Jan Åge Sande kom kom sterkt tilbake i runde 2, med godt spel. Han brukte 51 slag på dei siste 18 hola, og enda på ein god 3. plass.
Vinnarane i klasse 1. Fv. Anders Langeland, Bernt Kristian Nerland og Jan Åge Sande
Udnadalen Open-meisteren 2015, Bernt Kristian Nerland
Resultat klasse B
Lars Peder Langeland fekk 1. plass med 110 netto. På 2. plass kom Tormod B. Litlabø med 111. 3. plassen gjekk til Sigurd Litlabø med 112 netto. I klasse B enda det faktisk med premie til alle deltakarar, då Helge Hauge blei den heldige vinnaren under loddtrekkinga på slutten.
Fullt resultat finn du her.
Vinnarane i klasse 2, fv. Tormod Litlabø, Lars Peder Langeland og Sigurd Litlabø
Straks klare for runde 2 etter pausen. Fv. Geir Ove Rydningen, Andreas Salomonsen og Jøran Vørøs
Turneringa tok brått slutt for Morten Hillestad då kølla hans blei øydelagt etter tre mislykka slag på hol 9…
Her blir resultatet rekna ut. Fv. Nestor Putian, Sveinung Aarskog og Terje Salomonsen
Her venta alle spent på resultatet
Premieutdeling/loddtrekkning fv. Hans Langeland, Mathilde, Leah Ovidia og Marie Langeland