Siste torsdagsturnering før sommarferien
Wednesday 24. June 2015
Torsdagsturnering 12 vart spelt i nydeleg sommarver og god stemning. Det ser lovande ut for NM som vert spelt no til helga. Det var heile 21 deltakarar med i turneringa. Førsteplassen brutto gjekk til Anders Langeland med 53 slag!
FV. Håvard Holmedal og Anders Langeland
Bruttoresultatet vart slik:
1. plass: Anders Langeland 53 slag
2. plass: Kenneth Vika 55 slag
3. plass: Jan Åge Sande 59 slag
Nettoresultatet vart slik:
1. plass: Håvard Holmedal 52 netto slag
2. plass: Anders Langeland 54 netto slag
3. plass: Kenneth Vika 55 netto slag