Dobbel siger i t-tour 4

Saturday 30. April 2016

Det ser ut til at golfarane i Kristtornskogen har begynt å kome i god form igjen etter «vinteren». Det var mykje bra resultat i t-tour 4, og spelet var utruleg jamt.

Terje Salomonsen kom sterkt tilbake i frå sist turnering, og slo til med siger i både brutto og netto. Salomonsen brukte 56 slag og fekk 50 i netto. Like bak, med 57 slag kom Anders Langeland. Det var heller ikkje enkelt å finne ut kven som fekk tredje plass brutto, heile fire deltakar kjempa om denne plassen.  Knut Langeland, Helge Sætre, Geir Ove Rydningen og Kenneth Vika brukte alle 58 slag. Helge Sætre og Knut Langeland gjorde det best på dei siste ni hola. På dei siste seks hola spelte dei likt. Dei siste tre hola blei avgjerande, der Langeland hadde par, medan Sætre gjekk på +2.

Beste brutto, Fv. Knut Langeland, Terje Salomonsen og Anders Langeland

Fullt resultat brutto finn du her.

Knut Langeland fekk også andre plass netto med 51 poeng. Like bak kom Helge Sætre med 52 poeng.

Beste netto. Fv. Knut Langeland, Terje Salomonsen og Helge Sætre

Dollartabellen finn du her.

Premieutdeling og loddtrekning

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.