Jens Hinderaker – Norgesmeister i senior Pitch & Put
Wednesday 8. June 2016
Søndag 5. juni blei det spelt NM i seniorgolf på Sola golfklubb. Turneringa blei spelt med pitch & put HCP. Tre spelarar her i frå deltok i turneringa: Helge Sætre, Bjørn Øystein Waage og Jens Hinderaker.
Jens Hinderaker er i god form, og all treninga hans gir resultat nok ein gong. Med 93 poeng i netto kom Hinderaker på første plass, og kan no kalle seg norgesmeister i senior Pitch & Put.
Kristtornskogen gratulerer så mykje!
Topp tre i turneringa blei:
1. Jens Hinderaker – 93 poeng
2. Frank Vidar Johnson – 103 poeng
3. Jens Flornes- 104 poeng.
Her kan du sjå fullt resultat frå turneringa.
Første og andre plass. Fv. Jens Hinderaker og Frank Vidar Johnson