T-tour 10
Friday 10. June 2016
Sesongen er komt godt i gong, og ti turneringar er ferdigspelte. Sju torsdagsturneringar gjenstår før det blir avslutning med nattgolf.
Alle som har delteke i ti eller fleire torsdagsturneringar har moglegheit til å vinne flotte premiar. Det blir premiering til dei fire beste under avslutninga. Hovudpremien er hotell weekend for to på Bryne Kro & Hotell. Ellers kan ein vinne ein batteridrill 14,4 V, avstandsmålar eller gratis nattgolf m/middag på avslutninga.
Det blir også premie til ein tilfeldig deltakar som har delteke minimum ti gongar. Premien blir 50 % avslag på medlemskap for 2017-sesongen.
I år som i fjor vil det kun vere dei ti beste scorane som bli tatt med i snittet til kvar enkelt i bruttotabellen. Det betyr at frå og med neste t-tour vil dei høgaste scorane til dei som har delteke meir enn ti gongar bli flytta over på sida i tabellen, og dei høgaste scorane vil ikkje vere med på å dra opp snittet. På denne måten er det mogleg å forbetre snittet sitt ved å delta i mange turneringar (meir enn ti), og at ein får betre resultat enn tidlegare.
I t-tour 10 var det mykje godt resultat og mange låge scorar.
Kenneth Vika spelte godt som vanleg, og brukte berre 51 slag. Like bak kom Anders Langeland og Jan Åge Sande med 52 slag. Dei to gjek likt på dei siste ni hola, og på dei siste seks hola. På dei siste tre hola gjekk Langeland på par, medan Sande gjekk på ein over par.
Nettoresultata var også gode. Jøran Johansen og Torben Carlsen hadde begge 45 poeng i netto. På grunn av lågare HCP gjekk første plassen til Carlsen.
Fullt bruttoresultat finn du her.
Dollartabellen finn du her.
Topp to i netto. Fv. Torben Carlsen og Jøran Johansen
Geir Ove Rydningen fekk hole in one på hol 12. Kristtornskogen golfpark gratulerer!
Geir Ove Rydningen