NM 2016 Bryne Kro & Hotell
Sunday 19. June 2016
Kristtornskogen Golfpark stilte i helga med 13 deltakara under NM i Pitch & Putt som vart arrangert på Bryne Kro & Hotell.
Anders Langeland spelte strålande over 36 hol på laurdagen, og leda saman med Helge Eggja etter dag 1 med scoren -9.
Diverre vart det tyngre på sundagen, og etter ei handfull holkantar enda Anders på 55 slag og -8 totalt i turneringa. Eggja følgde opp med nok ein stabil runde på -3, og vant dermed NM på -12 totalt.
Arne Strandenes leverte ei god turnering og vart nest beste frå Kristtornskogen med sin 9. plass.
Einar Otto og hans medhjelparar på Bryne Kro & Hotell skal ha stor takk for eit flott arrangement, både for det sportslege, banekvaliteten og for det sosiale.
I tillegg til at Noregsmeisteren vart kåra, var helgas turnering også finale i den landsdekkande Order of Merit touren. Helge Eggja vart vinnar også der med knappast mogeleg margin føre Roger Wernesen på 2. plass. Frank Kristiansen tok 3. plassen, eit poeng bak dei begge. Dei tre skal nå representera Norge i det komande lag-VM som arrangeres i Andorra 01. – 03 juli. Anders Langeland enda på den sure 4. plassen. eit poeng bak Kristiansen.
Kristtornskogen gratulerer Helge Eggja som Noregsmeister 2016, og same Eggja samt Frank Kristiansen og Roger Wernersen med VM-plass.