Super Cup 2016 – Resultat

Sunday 28. August 2016

Etter ei helg med mykje golfspel er no Super Cupen 2016 avslutta. Det var første gong at ei turnering i Kristtornskogen har gått over så mange hol. Totalt gjekk den over 72 hol. 18 hol på fredag, 36 hol på laurdag og 18 hol søndag. Det vart spelt i to klassar, der klasse 1 gjekk på slag og klasse 2 på nettoscore med HCP. Totalt deltok 25 personar i turneringa, 15 i klasse 1 og ti i klasse 2.

Dei første 18 hola som vart spelt på fredag var ein del av torsdagsturneringane, og blei rekna som t-tour 15. Anders Langeland fekk beste brutto i t-tour 15, med 52 slag. Både Ivar Bergstø og Helge Sætre hadde 50 poeng netto, men på grunn av lågare HCP gjekk første plass netto til Ivar Bergstø.

Tabellen for bruttoscoren finn du her.
Dollartabellen finn du her.

Super Cupen begynte med forferdeleg vêr på fredag. Det var så mykje regn at ein nesten kunne spelt vannpolo i staden for golf. Til tross for dei dårlege forholda, blei det likevel bra resultat. Heldigvis kom vêret seg utover helga, og på søndag kom til og med sola fram.

Det viser seg at det er vanskeleg å slå Anders Langeland i turneringane. Langeland er i bra form, og etter mykje godt spel i løpet av helga sikra Anders Langeland seg nok ein siger. Anders Langeland enda på tre under par etter at alle dei 72 hola var spelt, og brukte totalt 213 slag. Kenneth Vika kom på andre plass i klasse 1 og brukte 219 slag. Tredjeplasen gjekk til Ivar Bergstø, som brukte to slag meir, og fekk totalt 221 slag.

Heile resultatet for klasse 1 finn du her.

I klasse 2 var det Helge Liland som fekk best nettoscore med 222 poeng. Nestor Putian kom på andre plass netto med 225 poeng. På tredje plass kom Nils Olav Hystad med 240 poeng.

Heile resultatet for klasse 2 finn du her.

Vinnar klasse 1 og klasse 2. Fv. Anders Langeland og Helge Liland

Kristtornskogen gratuerer også Oddvin Flornes med hole in one på hol 8 under turneringa!

Etterpå turneringa var det premieutdeling til vinnarane, og loddtrekning av premiar. Basaren ville ingen ende ta, og her var det premie til alle deltakarane.

Bilete frå fredag. Mykje regn…

Bilete frå søndag. Her følger publikum spent med på lederballen

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.