Monday 4. October 2010

Årsfest Kristtornskogen Golfpark

Einar Grønnevik vinnar av golftur for to til Bryne

Fredag 01.10.10 var det årsfest i Kristtornskogen Golfpark.

Dagen byrja med bedriftsturnering og kåring av årets bedriftsspelar. Einar Grønnevik vann denne tittelen, Han vann også trekkinga om ein golf-weekend for 2 personar på Bryne Kro og Hotell,

Som vinnar av årets Pitch & Putt Tour mottok Anders Langeland heider, ære og ein gratis sydentur. Han vart også suveren vinnar av Nattgolfturneringa.

I tillegg til nemnte utdelingar vart det også gjort stas på Idealhus – vinnar av årets bedriftsserie i Pitch & Putt. Etter tett kniving med XL-Bygg gjennom heile sesongen vart TG Bjelland sitt mannskap til slutt for sterke, og kunne ta i mot pokalen etter å ha vunne serien med 6 poeng.

Bak XL-Bygg stod kampen mellom Kristtornbua og Aker Stord, men dei rutinerte karane frå “kjøteidn” hadde mest å fara med mot slutten og sikra seg dermed 3. plassen med 3 poengs margin.

Med lysande ballar i stummande mørke

Den årlege nattgolfturneringa er allereie etter andre året vorte ein suksess full tradisjon. Heile 36 deltakarar stilte til start i årets turnering.

Bak Anders Langeland som vann med 31 slag kom Ørjan Olaussen med 34 slag. For å avgjera 3. plassen måtte det omspel til. Dette vart avgjort på Banemeisteren sin “mini – mini putting green” innandørs i Kristtornbua etter middagen. Etter at Steinar Onarheim og Einar Grønnevik hadde putta  dusinet fult, sat Steinar Røgenes dei “sjakkmatt” med sin Hole in One.

Men kvelden var ikkje over med det.

Då premieseremonien var vel overstått, var det duka for lokalkjendis og spelemann Frank Ole Olsen, som underhaldt ein feststemt gjeng til langt ut på natta.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.