Til minne om Stig Nordhus
Monday 29. June 2009
Med Stig Nordhus sin alt for tidlege bortgang har famelien Nordhus mista eit kjært fameliemedlem, og Kristtornskogen Golfpark har mista eit av sine ivrigaste medlemer.
Stig var slik me kjenner han ein fantastisk gut med mange jarn i elden. Han hadde ein energi og ein livsglede som var beundringsverdig. Ikkje lenge etter endt arbeidsdag var han på plass i Kristtornskogen for å spela ein runde eller to med golf. Han kunne så ta seg ei treningsøkt, før han seinare på kvelden var tilbake på Pitch and Putt bana att.
Det var ikkje mange golfslaga han hadde slått før han byrja å spela hos oss for nokre månader sidan, men med ein utruleg treningsiver og ei stå-på haldning som få kan gjera han etter, vart han etter kvart ein flink Pitch and Putt spelar. Ein innsats som kort tid før hans bortgang vart belønna med ein Hole in One på hol 9. Slaget var visst av den vakrare sorten og det var vel fortjent.
Me vil alltid huska Stig som den glad-guten han var med ei eiga evne til å gleda andre med sitt nærver. I lang tid framover vil ettermiddagane og kveldane i Kristtornskogen kjennast noko vemodige med tanke på at me har mista ein av dei største personleghetane som til dagleg gjesta oss.
Stig sitt gode humør og vinnande vesen er djupt sakna blant alle oss som til dagleg hadde med Stig å gjera.
Våre tankar går i denne tunge stunda til Stig sin næraste famelie og vener.