T-Tour 16 – Berre ei turnering gjenstår

Friday 13. September 2013

Sesongen nærmar seg slutten for denne gongen, berre ei torsdagsturnering gjenstår. Det er svært jamt i tabellane. På bruttotabellen ser det ut som Kenneth Vika, Jan Åge Sande, Anders Langeland og Joakim Borchgrevink kjempar om dei beste plasseringane. Tabellen finn du her.

(Tabellen for dei som har delteke mindre enn ti gongar finn du her.)

Dollartabellen er også svært jamn! Berre ein dollar skil mellom Joakim Borchgrevink og Paal Haynes. Dollartballen finn du her.

Det blir spennande å sjå kven vinnarane blir. Det blir premiering på avslutninga som er 27. september. Nærmare info kjem.

I T-tour 16 hadde Jan Åge Sande og Rune Framnes best netto, med 54 slag.

Rune Framnes er i god «haustfrom:» I tillegg til å bli nr. 7 i NM fekk han også den beste nettoscoren i torsdagsturneringa. Framnes hadde ein netto på 46. Jan Åge Sande fekk andre plass netto, med 50 i score. Tredjeplassen gjekk til Ørjan Olaussen med 52 i netto.

Rune Framnes

2 tilbakemeldinger

  1. Rune Framnes sa Saturday 14. September 2013, klokken 17.22:

    Lett match…

  2. tutta sa Monday 16. September 2013, klokken 09.39:

    Nydelig Haustfrom på Rune ,-major neste ???

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.