Resultat frå XL-Bygg Open 2014
Monday 4. August 2014
XL-Bygg Open vart ein spennande kamp, då tre personar fekk lik score i klasse 1. Geir Ove Ryningen, Einar Grønnevik og Andreas Salomonsen brukte alle 58 slag på dei 18 hola. Vinnaren blei difor avgjort ut i frå spelet på dei siste ni hola. Grønnevik låg her på 2+, Salomonsen på 3+ og Rydningen på 4+.
I klasse 2 vann Eivind Lunde med berre 45 i netto. På andre plass kom Leiv Tveita med ein nettoscore på 49. Håvard Holmedal kom på tredje plass med 51 poeng netto.
Andreas Salomonsen vann «Closest to the Pin».
Kristtornskogen vil også gratulere både Chaiprakan Ngamloet og Terje Salomonsen med hole in one.
Fullt resultat finn du her.
Klasse 1: Fv. Andreas Salomonsen (2.plass), Einar Grønnevik (1. plass) og Geir Ove Rydningen (3.plass)
Eivind Lunde, vinnaren i klasse 2
Andreas Salomonsen – «Closest to the Pin».
Fv. Chaiprakan Ngamloet og Terje Salomonsen som fekk hole in one.