T-Tour 10
Thursday 11. June 2015
I den tiande torsdagsturneringa fekk ein sjå at sommaren endeleg nærmar seg på vestlandet også. Sommarøya leverte god temperatur og fint vêr. Med andre ord ser det lovande ut for Udnadalen Open og NM som nærmar seg med stormskritt.
Banemeisteren hadde som vanleg gjort jobben sin med strålande og nyklypte greenar.
Det vart svært jamt i bruttospelet mellom Anders Langeland, Jan Åge Sande og Kenneth Vika. Til slutt gjekk sigeren til Langeland som brukte 54 slag. Sande og Vika enda begge to med 55 slag.
Sigurd Litlabø stod for den beste nettoscoren i turneringa, med 47. Også her var det jamt om dei beste plasseringane. Helge Sætre og Tormod Litlabø hadde begge ein score på 52. På grunn av HCP gjekk andreplassen til Helge Sætre.
Geir Ove Rydningen som nyleg fekk banerekord i Kristtornskogen slo til igjen. Denne gongen sikra han seg hole in one på hol 10. Kristtornskogen gratulerer!
Fullt bruttoresultat finn du her.
Fullt nettoresultat finn du her.
Fv. Sigurd Litlabø og Anders Langeland – Beste nettoscore og beste bruttoscore
Geir Ove Rydningen – Hole in one på hol 10