Sunday 28. June 2015
Lasse Eggja får overrekt premie frå Banemeisteren etter å ha vunnet på "basaren"
Årets NM på heimebane er no vel overstått… og for ei helg det vart!!
Etter ei dramatisk avslutning var det son til banemeisteren, Anders Langeland, som sigra over “chip-master” Kenneth Vika på 2. omspelshol, og som om ikkje det var nok, gjorde Espen Kyvik si livs turnering og sørgja for at alle medaljane blei igjen i Kristtornskogen! Heile 7 av dei 10 fyrste plassane vart besett av lokale spelarar! Sportsleg er dette det klart beste NM me nokon gong har gjennomført! 🙂
Kristtornskogen Golfpark vil gratulera alle saman med ein framifrå innsats!
Vidare vil me nytta høve til å få takka alle lokale og tilreisande spelarar for ei fantastisk morosam helg. Med alt det gode humøret, og alle dei hyggjelege folka var det ei fryd å få vera vertskap for årets meisterskap.
Fylg linken for resultatliste og meir stoff frå årets NM.
..og trykk deg inn i resten av innlegget for artige situasjonar frå NM 🙂
Espen Bergmann hadde i forkant av NM lest den siste revisjonen av FIPPA si regelbok, og var strålande nøgd med at det no var tillatt med caddy i Pitch & Putt - noko han feira med å bera køllene til heile flighten
Som vanleg legg Vika seg fint opp for eit enkelt par..
"To gode knallar" som er klar for EM i Holland - Jan Åge og Anders
Helge Eggja drar eit riff på el-gitaren etter å ha bomma på ein putt på hol 2
Ikkje alle var lika nøgde med linselusa frå Øvre-Kulio. Ivar Bergstø viser sin missnøye ved å setja "stjerten" i veret.
Mens Morten Hillestad strekk ut etter ein lang dag...
...har Jon Tvedte funne fram ljåen for å trimma "rongauro" på hol 14!
P&P-doctoren, Helge Sætre hadde lada opp med å spola gjennom gamle videokassettar med Monthy Python's "Silly walks", og kjørte eit par slike for å "jazza opp" stemninga blant publikum..
Sjølv om Rydningen hadde tatt på seg "street fighter"-fjeset sitt heldt det ikkje heilt inn denne gongen
Ein glad og spent gjeng som er klar for EM i Holland. Fra v. Anders L. og Frida Marie, Tore G. Hansen, Anders C. Juel, Jan Åge Sande og Espen Bergmann
Sjølv om det var stort for Anders å vinna NM for fyrste gong, var det likevel stjernemøtet med ""Sean Connery" han satte høgast denne helga
At KRIK hadde sommarleir i området samtidig som NM vart arrangert, var ein rein tilfeldigheit. KRIK ungdommane viste uansett ekte glede då dei fekk auga på fotografen.
Då det heile var over tok Lundin med seg plattforma si og drog til havs.