Pangstart på 2016-sesongen!
Wednesday 30. March 2016
Det blei bokstaveleg talt pangstart på opningsturneringa i Kristtornskogen, og 2016-sesongen er no i gong! 😀
Turneringa blei spelt i nydeleg vêr og gode forhold. Turneringa gjekk over 18 hol, og det var premiering i både klasse A og klasse B.
Etter at alle dei 18 hola var spelt, stod det heilt likt mellom Jan Åge Sande og Anders Langeland som begge brukte 53 slag. For at turneringa skulle avgjerast, blei det omspel mellom dei to. Det stod fortsatt likt etter at begge slo Birdie på første omspelshol. På det andre omspelsholet klarte Jan Åge Sande å sikre seg sigeren med nok ein Birdie. Kristtornskogen gratulerer!
Her blir sigeren til Jan Åge Sande feira
Tormod Litlabø spelte også svært godt under turneringa, og fekk tredje plass med 58 slag.I tillegg til 3. plassen imponerte også Litlabø med hole in one på hol 8.
Tormod Litlabø, like etter at han slo hole in one
Vinnarane i klasse A Fv. Tormod Litlabø, Jan Åge Sande og Anders Langeland
Fullt resultat frå klasse A finn du her.
I klasse B var det Torben Carlsen som vann med 58 poeng netto. Gunn Langeland fekk andre plass med 60 poeng. Det var jamt om tredjeplassen i Klasse B, då både Nils Olav Hystad og Bjørn Øystein Waage hadde 63 poeng. HCP blei avgjerande, og tredje plass gjekk til Bjørn Øystein Waage.
Vinnarane i klasse B. Fv. Bjørn Øystein Waage, Torben Carlsen og Gunn Langeland