Torsdagsturneringar og seniorgolf er i gong

Friday 8. April 2016

No er både torsdagsturneringane og seniorgolfen for 2016 starta opp.

Vêret under torsdagsturneringa var fint gjennom heile turneringa. Regnet kom ikkje før like etter at turneringa var spelt, og premiane delt ut. Anders Langeland, Jan  Åge Sande og Helge Sætre meinte alle at turneringa var ein god start på sesongen, og rosa banemeisteren som hadde gjort ein god jobb med greenane.

Anders Langeland spelte svært bra, og fekk beste brutto score, med tre under par.   Vinnaren sjølv hadde ingen kommentar til eige spel, og meinte at det kan ein tolka som ein vil. Jan Åge Sande kom på andre plass med 55 slag, og Geir Ove Rydningen på tredje med 59 slag.

Fullt brutto resultat finn du her.

Torben Carlsen har også gjort det bra så langt i år, og fekk beste netto score i turneringa.

Dollartabellen finn du her.

Fv. Torben Carlsen, Anders Langeland, Jan Åge Sande og Geir Ove Rydningen – Best i netto og tre beste i brutto

Helge Sætre har nytta anledninga den siste veka til å sjå mykje Viasat golf. I følge han sjølv, førte dette til at han kom tilbake til seg sjølv igjen. Dette kunne ein tydeleg sjå på scoren hans, då han gjekk t-tour 1 med 20 mindre slag enn i opningsturneringa.

Det vart også trekt ei vinflaske, til ein heldig vinnar.

Per Folgerø som vann ei flaske vin

Resultatet frå seniorgolfen er også lagt ut. Det finn du her.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.