Torsdagsturnering 3
Friday 22. April 2016
Med vindkuler og regn, var ikkje vêret i t-tour 3 noko å skryta over! Deltakarane der i mot, var meir imponerande. Kenneth Vika fekk beste brutto score med sine 55 slag. Geir Ove Rydningen og Anders Langeland brukte begge 57 slag. Denne gongen var det Geir Ove Rydningen som fekk andre plass, på grunn av best resultat på dei sist ni hola. Med tanke på at Rydningen brukte sju slag på det eine holet, er 57 slag ein utruleg bra score.
Nok ein gong var det Torben Carlsen som fekk beste nettoscore, med 54 poeng. Carlsen har så langt i år vunne to av tre torsdagsturneringar på nettoscore.
Fullt brutto resultat finn du her.
Fullt netto resultat finn du her.
Kristtornskogen golfpark er i full gong med førebuing til Udnadalen Open som blir arrangert 24. april. Det er fortsatt ledige plassar til turneringa. For å delta kan du melde deg på til telefon 957 50 211 eller på e-post til ksgolfpark@gmail.com.
Les meir om Udnadalen Open her.
Arkivbilete av Kenneth Vika