Udnadalen Open 2016

Sunday 24. April 2016

Det blei ein nydeleg dag på golfbanen for deltakarane i Udnadalen Open. Sola stråla, og det var stort sett vindstille gjennom heile turneringa. I tillegg til lokale deltakarar kom det også golfarar i frå Bryne, Sola og Tysnes golfklubb.

Turneringa gjekk  over 36 hol (2×18 hol). Det blei spelt i to klassar; klasse 1 med slagspel og klasse 2 med P&P HCP.

Etter at første runde var spelt, gjekk Anders Langeland, Geir Ove Rydningen, Helge Sætre og Andreas Lande i leiarballen. Geir Ove Rydningen låg tett opp mot Anders Langeland på dei første ni hola i runde to, og det var svært jamt mellom dei to.  Etterkvart krusa Langeland forbi Rydningen og fekk overlegen siger med 111 slag –  heile sju slag betre enn Rydningen som kom på andre plass med 118 slag. Bernt Kristian Nerland kom sterkare tilbake andre runden, og klarte å spele seg opp til tredje plass med 122 slag.

Her finn du fullt resultat klasse 1.

Første, andre og tredje plass klasse 1. Fv. Bernt Kristian Nerland, Anders Langeland og Geir Ove Rydningen

Torben Carlsen fortsetter trenden med lågast nettoscore, og fekk første plass i klasse 2 med 110 poeng. Jens Hinderaker kom på andre plass med sine 113 poeng. Jens Flornes kom på tredje plass med 122 poeng.

Her finn du fullt resultat klasse 2.

NB: Resultatet som ligg ute i Pitch & Put systemet er ikkje heilt korrekt, då  scoren for begge rundane ikkje ligg sammanlagt. Inntil vidare er det resultatet som er linka til over som er mest korrekt. Dette vil bli retta.

Anders Langeland og Geir Ove Rydningen vann kvar sin flotte bunadskniv. Knivane var håndlaga av Nils Olav Hystad. Ellers smakte det godt med pizza i pausen, noko som var dagens høgdepunkt for mange.

Litt bilete frå turneringa:

Flinke jenter som har oversikt over leiarballane

Nokon kom ikkje lengre. Hans Langeland og Terje Salomonsen på hol 7

Bjørn Øystein Waage

Bernt Kristian Nerland

Kva skjer her, Morten?

Sjå fleire bilete frå turneringa her.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.