T-tour 6

Friday 13. May 2016

Det blei ein kald fornøyelse for deltakarane i t-tour 6, utan sommarvarmen som har vore dei siste dagane. Dei fleste av deltakarane satte likevel pris på dei nyklippa greenane, som hadde ein klyppehøgde på 4 mm.

I turneringa deltok to nye spelarar, Erlend Sakseid og Mats Lorentzen. Det er alltid kjekt med nye deltakarar i turneringane, og alle er hjarteleg velkomen til å delta i torsdagsturneringane 🙂

Det blei ny første plass for Anders Langeland denne veka. Som sist turnering, brukte Langeland 52 slag.  Rune Framnes spelte også godt, og gjekk på par. Dette resulterte i andre plass brutto, og første plass netto for Framnes. På tredje plass kom Kenneth Vika med 56 slag.

Fullt bruttoresultat finn du her.

Dollartabellen finn du her.

Anders Langeland og Rune Framnes

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.