Jamt i toppen av dollartabellen etter t-tour 7
Friday 20. May 2016
Geir Ove Rydningen og Anders Langeland spelar jamt og bra i torsdagsturneringane i år. I t-tour 7 var det Geir Ove Rydningen som kom på første plass med 54 slag. Anders Langeland kom to slag bak med 56 slag.
Både Jan Åge Sande og Hans Langeland gjekk på 59 slag. Dei siste ni hola var spelt likt, og tredjeplassen måtte avgjerast på dei siste seks hola. Her gjekk Hans Langeland på 4+, medan Jan Åge Sande gjekk på 6+. Banemeister Hans Langeland kunne difor vera godt nøgd med tredje plass brutto.
Hans Langeland blei enda meir nøgd då han fann ut at han også fekk første plass netto, med 51 poeng. Banemeisteren var glad for at han hadde vunne mat til heimen, og han slo til med takketale, der han takka både treningskameratar, familie og vener.
Geir Ove Rydningen fekk andre plass netto, noko som førte til at han ligg øvst på dollartabellen for augneblinken:
Som de kan sjå er det svært jamt i toppen av tabellen, og her kan alt skje!
Heile dollartabellen finn du her.
Bruttoresultat finn du her.
Arkivbilete av Hans Langeland