T-tour 9

Saturday 4. June 2016

Jens Hinderaker er ein av dei som verkeleg trenar på golfing. Og treninga, den gir resultat. Jens Hinderaker fekk overlegen siger i netto med 45 poeng. Sjølv meinte Hinderaker at det var fin bane, gode forhold og banemeisteren sin innsats med greenane som utgjorde det gode resultatet.

“All arbeidet med greenane har nok gjort banemeisteren utsleten, så det var nok difor han brukte 12 slag oppe på hol 18.” Det blei ingen takketale frå banemeisteren i denne turneringa, men humøret var uansett på topp!

Jan Åge Sande kom på andre plass netto med 51 poeng. Anders Langeland, Geir Ove Rydningen og Morten Hillestad fekk alle 54 poeng. Her blei HCP avgjerande, og tredje plassen gjekk til Langeland.

Anders Langeland og Jan Åge Sande brukte begge to 52 slag på dei 18 hola. Det skulle eigentleg blitt omspel for å kåre ein vinnar i bruttoklassen, men sidan Jan Åge Sande allereie var gått då omspelet skulle vera måtte ein sjå på dei siste ni hola. På dei siste ni hola var det Langeland som gjekk best.

Full bruttotabell finn du her.

Dollartabellen finn du her.

Anders Langeland og Jens Hinderaker

Til helga reiser Helge Sætre, Bjørn Øystein Waage og Jens Hinderaker til Sola for å delta i senior NM. Kristtornskogen golfpark ynskjer dei lykke til.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.