T-tour 14 – Joss blei dagens vinnar

Thursday 18. August 2016

Sommarøya viste seg frå si beste side, og leverte god-vêr til deltakarane i t-tour 14. Forholda var gode, og det var mykje bra resultat.

T-tour 14 blei den første torsdagsturneringa for Joss (Chaiprakan Ngamloet) denne sesongen. Det kunne ein ikkje merka på resultatet, då Joss fekk beste nettoscore med 47 poeng. Joss blei også den heldige vinnaren under loddtrekkinga etterpå, og kunne gå heim lykkeleg med både pizza og vin i premie.

Helge Sætre og Torben Carlsen fekk 51 poeng netto. HCP blei avgjerande, og andre plassen gjekk til Helge Sætre.

Joss (Chaiprakan Ngamloet)

Anders Langeland fekk beste brutto med 54 slag, og er for augneblinken på toppen av bruttotabellen. Det er fortsatt tre torsdagsturneringar igjen, og ingenting er avgjort enda. Ivar Bergstø og Kenneth Vika fekk delt andre plass med 56 slag begge to.

Anders Langeland

Bruttotabellen finn du her.

Dollartabellen (netto) finn du her.

Geir Ove Rydningen, Jan Åge Sande, Arne Strandenes og Atle Mathisen er no i England og deltar i British Open. Kristtornskogen ynskjer dei lykke til!

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.